Mette Karlsvik

Mette Karlsvik (f. 1978) debuterte i 2005 med romanen Vindauga i matsalen vender mot fjorden, som ho fekk Tarjei Vesaas’ debutantpris for. Ho har sidan skrive både for barn og vaksne. I romanen Flytårn (2007) møter vi flygeleiaren ved Kvernberget flytårn. Han har utsikt over alt og gode kunnskapar om meteorologi, geografi og samfunnstilhøva i området – men har han innsikt nok til å forstå kone og barn? Romanen Pol kom i 2008, og barneboka 1-2-TRE i 2009. I 2011 vart Karlsvik Bragepris-nominert for romanen Bli Björk som vart svært godt tatt imot av kritikarane. I 2012 fekk ho både Bohandlarstipend, Stig Sæterbakkens minnepris og Skien kommunes kunstnerstipend.

Karlsvik er frå Frei på Nordmøre, men flytta tidleg derfrå for å gå det idealistiske gymnaset United World College. Sidan fekk ho bachelorgrad i biletkunst frå Glasgow og bachelorgrad i journalistikk frå Universitetet i Bergen. Ho har gått på Skrivekunstakademiet i Hordaland, og har hatt vikariat som journalist for Morgenbladet, Bergens Tidende, D2 (DN) og Tidens Krav. Ho er nettjournalist for Den Norske Forfatterforening.

Karlsvik bur i Oslo.

 

Utgivelser på H//O//F

Øy/Ey (2013)

 

 

Mette Karlsvik