Pedro Carmona-Alvarez sine dikt krev at du gir slepp på pretensjonen om å forstå

Hadle Oftedal Andersen har anmeldt Pedro Carmona-Alvares sin diktsamling Dobbeltliv i Bokkmagasinet i Klassekampen (29. oktober 2022) og skriver blant annet:

«Pedro Carmona-Alvarez si nye diktsamling er ikkje publisert hos hans vanlege forleggar, men på det smale indie-forlaget H/O/F (House of Foundation). Boka er utgjeven i høve Møllebyen litteraturfestival (26.-27. august), og sentralt står tekstar der forfattaren reflekterer over korleis han meiner dikt skal vera, samstundes som dikta òg er døme på denne måten å skriva på.

Som opphavsmannen seier i opninga av ‘Takk for pengene (en tale)’: «Det er lenge siden jeg bestemte meg / for ikke å skrive én eneste linje / som ikke er gravd ut med poesiens spade». Tekstane er programartiklar, men forma som dikt, slik at dei blir å forstå i sin poetiske framtoning, og ikkje som «klangfull, dannet, doserende» tale, som han uttrykker det.

Carmona-Alvarez skriv innanfor den amerikanske langdikttradisjonen, der Walt Whitman og T.S. Eliot står sentralt. Som i heile denne tradisjonen, blir diktet nytta til å reflektera over samfunnet og historia. I Carmona-Alvarez sin versjon er det påfallande mange referansar til ein annan kultursfære enn den engelskspråklege, nemleg den som har utgangspunkt i Spania, Portugal …» 

//

«På litteraturfestivalen kan eg tenka meg at dette har vore opnande, morosamt, levert med perfekt timing. I bokform er det òg velfungerande, for dei som kan tenka seg poetikk og essayistikk i dikts form. Og det kan me vel?»

Les hele anmeldelsen på Klassekampens hjemmeside

FOTO: PAUL S. AMUNDSEN
//
Mer fra bloggen